| Hovedside | Bli medlem | Arrangementer | Samarbeidspartnere | Kontakt oss | Om klubben |

KONSERT BAKER HANSEN BLACK BOXEN TORSDAG 1.NOVEMBER KLOKKA 20:00

Sist oppdatert: 12:28 01.11.2012

SPENNENDE KONSERT MED UNGE JAZZMUSIKERE - BAKER HANSEN - CHET BAKER PÅ NORSK

TORSDAG 1. NOVEMBER KLOKKA 20:00 I BLACK BOXEN. PRIS KR 150/100

BAKER HANSEN – CHET PÅ NORSK

BAKER HANSEN er historia om fem norske jazzutøvarar som tok Chet Baker med på ei norsk språkreise. Resultatet er eit spennande møte mellom amerikansk cooljazz og norsk fjelluft, tidlege jazzstandarder og vårt eige morsmål.

Kva har Chet Bakers vestkyst-sound med norsk lyrikk å gjøre? Ikkje så lite, faktisk. Fleire års opphald i Skandinavia på 80-talet førte til at Chet sjølv samarbeida med ei rekkje norske musikarar, og særleg kjent er album-samarbeidet "Blåmann! Blåmann!" med Jan Erik Vold.

Når så kvintetten BAKER HANSEN tek opp denne arven, er det låter frå Chet Bakers repertoar som har fått fornya kraft gjennom nyskrivne, nynorske tekster, gjendikta av vokalist

Sigurd Rotvik Tunestveit frå Ål i Hallingdal. Tekstar på vårt eige språk gir anleiing til å møte denne musikken på nært hald, og høyre med "nye øyre" på klassikarar frå standardrepertoaret, slik som There will never be another you og My funny valentine, eller sagt med BAKER HANSEN sine ord, Aldri finn eg ei nett slik som deg og Min fine hjarteven. Og kva for klassisk jazzlåt kan skjule seg bak tittelen Eg vert så lett forelska?